Familietur til Åstveitskogen 29. august

IMG_1508Tertnes Idrettsskoles tradisjonelle familietur (primært for 1-4. trinn), går også i år til Åstveitskogen/Åstveitvannet, og vi ønsker både gamle og ikke minst nye medlemmer velkommen til å delta.

Lyst til å bli med? Meld deg på i dag via påmeldingsskjemaet! Påmeldingsfrist: Snarest råd! 🙂

Som tidligere år, blir det kanopadling, natursti, grilling av pølser rundt bålet og lek og moro for barna. Arrangementet er gratis. Styret tar med ved til bålet, men deltakere tar selv med grillpølser eller annen mat som er lett å grille.

De som ønsker å overnatte på området, er velkommen til det. Ta gjerne med eget telt. For dem som ikke har telt, har Tertnes Idrettsskole tilgjengelig 3 lavvoer med plass til 10-12 personer i hver lavvo. Gi beskjed på påmeldingen dersom dere ønsker å overnatte.

Se bilder fra en tidligere familietur.

Rallarvegen 2013

Siste helga i august tok ein gjeng på 12 ungdommar turen saman med Idrettsskulen på Rallarvegen frå Finse til Flåm, og det vart ein flott tur! Til å byrje med – oppe på platået før det byrjar å bikke nedover – var det nok litt surt og kaldt, men med ein gong nedstigninga byrja, vart også stemninga litt lettare :-).

Tur - collage

Ved Fagernut fjellstue på 1343 m.o.h. tok me ein lengre rast, og sjokoladeplatene dukka også opp. Underskrivne kan også bekrefte at Fagernut fjellstoge tydelegvis har dei beste vaflane i landet!

Etter 6,5 timar på tur kom me til Flåm, utan nokre større skader eller problem. Me måtte vente drøye to timar på toget, så me okkuperte venteområdet på togstasjonen, og koste oss der, til turen gjekk opp att med Flåmsbanen til Myrdal, og deretter med eit togbyte vidare til Bergen. Det vart ein lang dag, men ingen av deltakarane sovna på turen heim, overraskande nok!

Tusen takk for turen, me ser fram til neste aktivitet!

Og sist, men ikkje minst, ta ein tur innom biletegalleriet vårt og sjå bilete frå turen!

Sommarferien går mot hell, nytt år med idrettsskulen venter

No er det i overkant av to veker att av sommarferien, og nokre av dykk har kanskje byrja på førebuingane på neste skuleår som nærmer seg med stormskritt. Sekkar må kjøpast inn, gymsko har kanskje blitt for små og må byttast ut, og moglegvis har også matboksen forsvunne i løpet av ferien? 🙂

Uansett, og like sikkert som at skuleferien har ein slutt, er det at Tertnes Idrettsskole startar opp att i september. Me ser veldig fram til å møte nye ansikt i dei yngre gruppene, samt helse på velkjente ungdommar i dei eldre gruppene.

Kollasje

Det er mange som lurer på når me åpnar påmeldinga vår – og det er forståeleg. Seinare år har det vore svært stor interesse på Tertnes for å bli med på idrettsskulen, og av den grunn har me fått det luksusproblem at me ikkje lengre kan garantere plass til alle. Me har difor dei seinare åra sett oss nøydde til å prioritere barn og ungdom som har tilknytting til Tertnes og omegn, samt at dei som har meldt seg på tidleg har større sjanse for å bli med enn om ein har meldt seg på i siste liten.

Me åpner for påmeldingar måndag 19. august, kl 08:00. Etter omlag ei veke har styret eit møte der me går gjennom påmeldingane og gir tilbakemelding til alle om dei har fått plass eller ikkje.

Me vil difor rå samtlege som er ivrige for å få borna sine med på idrettsskulen om å gå inn på nettsidene våre her og melde dei på om morgonen på måndag, fyrste skuledag.

Vel møtt, alle saman! Håper alle har hatt ein fortryllande sommar med sol, fregner og kanskje med litt sand mellom tærne?

 

På vegne av Tertnes Idrettsskole; Jakob Breivik Grimstveit

Natt-vandring over Vidden

Natt-tur over Vidden

Laurdag åttande juni, natt til niande, gjekk ungdomsgruppen på idrettsskulen over Vidden frå Ulriken til Fløyen. Me møtte opp på bedehusbanen åtte om kvelden, og køyrde i samla tropp til Ulriken, der turen gjekk opp med Bruse-vogna.

Rundt halv ti starta me turen, og me tok oss veldig god tid, med fleire innlagte spisepauser.

Det var ein del tåke og vind fyrste delen av turen, men ettersom me kom oss litt lengre ned i terrenget åpna det seg litt, og utsikten over Eidsvåg var vakker når me i eitt-tida stod og såg nedover mot Jordalen.

Det var ein veldig kjekk tur, og ting gjekk etter planen. Dette blir gjentatt neste år!

Me har som vanleg lagt ut nokre bilete frå turen, dei kan dykk finne her.

Ungdom: Klatring i Bergenshallen

Sundag tok me turen til Bergenshallen for å få ei kjapp og artig innføring i innandørs klatring i klatrevegg, og me fekk stødig og god hjelp av folka i Bergen Klatreklubb. Me hadde det kjempeartig, og inne i biletegalleriet vårt kan dykk sjå nokre bilete frå aktiviteten.

Klatring i Bergenshallen med Idrettsskulen

Stein Arne imponerte med sine klatreeigenskapar, noko som godt blir illustrert i denne videoen:

Juniorgruppen på alpintur til Kvamskogen

Collage - Juniorgruppen - Kvamskogen

Tradisjonen tru har me også i år vore på alpintur med juniorgruppen. Som tidlegare år var me på Kvamskogen og i Eikedalen, men i år overnatta me på storflotte Wallemstunet! To dagar i bakkane i Eikedalen, taco til kvelds, snop i skålene og ein mesterleg rebus har nok bidratt til at gjengen kom heim ganske slitne, men forhåpentlegvis også godt nøgde :-).

Me har lasta opp nokre bilete som blei tatt på turen – dei kan skuast i full prakt i biletegalleriet vårt.

Takk til alle som var med og hjelpte til med transport og foreldrevakter, me hadde ikkje klart dette utan dykk!

Velkomne attende neste år, alle saman!