Brevandring med Juniorgruppen

IMAG0143Lørdag 31. august 2013 var det tid for oppstart av årets sesong for Juniorgruppen. Turen gikk til Jondal og Folgefonnen, hvor 16 barn og 5 voksne fikk forsøke seg på brevandring. Som vanlig hadde vi god hjelp av Folgefonni Breførarlag, som hjalp oss med utstyr og breførere. Dessverre fikk vi i år igjen dårlig vær – men en fin tur ble det likevel.

Du kan se bilder fra turen i vårt bildegalleri.

Rallarvegen 2013

Siste helga i august tok ein gjeng på 12 ungdommar turen saman med Idrettsskulen på Rallarvegen frå Finse til Flåm, og det vart ein flott tur! Til å byrje med – oppe på platået før det byrjar å bikke nedover – var det nok litt surt og kaldt, men med ein gong nedstigninga byrja, vart også stemninga litt lettare :-).

Tur - collage

Ved Fagernut fjellstue på 1343 m.o.h. tok me ein lengre rast, og sjokoladeplatene dukka også opp. Underskrivne kan også bekrefte at Fagernut fjellstoge tydelegvis har dei beste vaflane i landet!

Etter 6,5 timar på tur kom me til Flåm, utan nokre større skader eller problem. Me måtte vente drøye to timar på toget, så me okkuperte venteområdet på togstasjonen, og koste oss der, til turen gjekk opp att med Flåmsbanen til Myrdal, og deretter med eit togbyte vidare til Bergen. Det vart ein lang dag, men ingen av deltakarane sovna på turen heim, overraskande nok!

Tusen takk for turen, me ser fram til neste aktivitet!

Og sist, men ikkje minst, ta ein tur innom biletegalleriet vårt og sjå bilete frå turen!