Sommarferien går mot hell, nytt år med idrettsskulen venter

No er det i overkant av to veker att av sommarferien, og nokre av dykk har kanskje byrja på førebuingane på neste skuleår som nærmer seg med stormskritt. Sekkar må kjøpast inn, gymsko har kanskje blitt for små og må byttast ut, og moglegvis har også matboksen forsvunne i løpet av ferien? 🙂

Uansett, og like sikkert som at skuleferien har ein slutt, er det at Tertnes Idrettsskole startar opp att i september. Me ser veldig fram til å møte nye ansikt i dei yngre gruppene, samt helse på velkjente ungdommar i dei eldre gruppene.

Kollasje

Det er mange som lurer på når me åpnar påmeldinga vår – og det er forståeleg. Seinare år har det vore svært stor interesse på Tertnes for å bli med på idrettsskulen, og av den grunn har me fått det luksusproblem at me ikkje lengre kan garantere plass til alle. Me har difor dei seinare åra sett oss nøydde til å prioritere barn og ungdom som har tilknytting til Tertnes og omegn, samt at dei som har meldt seg på tidleg har større sjanse for å bli med enn om ein har meldt seg på i siste liten.

Me åpner for påmeldingar måndag 19. august, kl 08:00. Etter omlag ei veke har styret eit møte der me går gjennom påmeldingane og gir tilbakemelding til alle om dei har fått plass eller ikkje.

Me vil difor rå samtlege som er ivrige for å få borna sine med på idrettsskulen om å gå inn på nettsidene våre her og melde dei på om morgonen på måndag, fyrste skuledag.

Vel møtt, alle saman! Håper alle har hatt ein fortryllande sommar med sol, fregner og kanskje med litt sand mellom tærne?

 

På vegne av Tertnes Idrettsskole; Jakob Breivik Grimstveit