Natt-vandring over Vidden

Natt-tur over Vidden

Laurdag åttande juni, natt til niande, gjekk ungdomsgruppen på idrettsskulen over Vidden frå Ulriken til Fløyen. Me møtte opp på bedehusbanen åtte om kvelden, og køyrde i samla tropp til Ulriken, der turen gjekk opp med Bruse-vogna.

Rundt halv ti starta me turen, og me tok oss veldig god tid, med fleire innlagte spisepauser.

Det var ein del tåke og vind fyrste delen av turen, men ettersom me kom oss litt lengre ned i terrenget åpna det seg litt, og utsikten over Eidsvåg var vakker når me i eitt-tida stod og såg nedover mot Jordalen.

Det var ein veldig kjekk tur, og ting gjekk etter planen. Dette blir gjentatt neste år!

Me har som vanleg lagt ut nokre bilete frå turen, dei kan dykk finne her.