Juniorgruppen på alpintur til Kvamskogen

Collage - Juniorgruppen - Kvamskogen

Tradisjonen tru har me også i år vore på alpintur med juniorgruppen. Som tidlegare år var me på Kvamskogen og i Eikedalen, men i år overnatta me på storflotte Wallemstunet! To dagar i bakkane i Eikedalen, taco til kvelds, snop i skålene og ein mesterleg rebus har nok bidratt til at gjengen kom heim ganske slitne, men forhåpentlegvis også godt nøgde :-).

Me har lasta opp nokre bilete som blei tatt på turen – dei kan skuast i full prakt i biletegalleriet vårt.

Takk til alle som var med og hjelpte til med transport og foreldrevakter, me hadde ikkje klart dette utan dykk!

Velkomne attende neste år, alle saman!