Solfylt tur til Veten med Juniorgruppen

Det vart diverre meldt for dårleg vêr og bre-forhold til at me kunne gjennomføre den planlagte brevandringa til Jondalen og Folgefonna, men i staden for arrangerte me på kort varsel ein liten tur opp til Veten.

Det viste seg fort at å gå på Veten denne laurdagen var upåklageleg timing. Det lokale vêret i Åsane viste seg å bli heilt fantastisk, og sola strålte heile dagen medan me koste oss på tur. Litt skuffande oppmøte var det – men dei som likevel møtte opp hadde ein flott tur. Turen opp gjekk frå Mellingen, og så tok me oss ein sveip tilbake rundt Sæterstølen, gjennom jorde med både sau og hest.

Bilete frå turen er som vanleg å finne inne i biletegalleriet vårt.