Junior- og ungdomsgruppa på rafting-tur på Voss!

Fyrste helga i juni tok junior- og ungdomsgruppa turen opp til Voss Camping for ein camping-tur i lavvo, for deretter å hive seg ut i det våte element oppe på Voss Rafting.

Ungdomsgruppa reiste opp fredag ettermiddag og rigga til leiren.  På kvelden koste vi oss med grilling og litt ballspel og prating ut i de seine nattetimer…

Laurdag var vi tidlig oppe og klar for rafting.  Det var kjempegøy!  Strålande sol og bra med vatn i elva gjorde sitt til at turen blei fantastisk.

Juniorgruppa reiste opp laurdag og overtok teltleiren. Vi var velsigna med nydeleg vêr, og storkoste oss på campingplassen heile laurdagen med fottur, fotballspeling, grilling, bading og frisbee-kasting.

Det er sjølvsagt ikkje lett å finne roen om kvelden når det er heile 38 barn og 8 vaksne på tur, men sundag morgon var alle svært innstilte på ein tur ut elvestryka i båt :-).

Det var ein fantastisk tur, og vi i Tertnes Idrettsskule takker alle vaksne som kunne vere med å hjelpe med transport og vere med som vakter – med så greie barn er det berre ei glede å arrangere turar!

Bilete frå turen: Ungdomsgruppen / juniorgruppen.

Bileta frå turen taler for seg sjølv – vi takkar for oss på denne sida av sommarferien, og håper så mange som mogleg vil vere med oss vidare også til hausten. Fylg med på nettsidene våre rundt skulestart for påmeldingsskjema for perioden 2012-2013.