Påmelding til Tertnes Idrettsskole

Me er svært glade over å sjå at Tertnes Idrettsskole fortset å vere veldig populært på Tertnes – i år har me så langt motteke over 175 påmeldingar, noko som er ny rekord!

Vi vil nå gå i gang med å fordele medlemmer på grupper og sende ut epost til alle med informasjon om eventuell tildeling av plass.

Om det er nokon som har vore litt for seint i avtrekkaren og likevel ynskjer å sjå om det er ledig plass på aktuell gruppe på Tertnes Idrettsskole må snarast råd sende ein epost til [email protected], så skal me sjå kva me kan få til.