Bilete frå turen til Vikinghytten

Det vart ein våtare tur enn fyrst venta, men med 25 born og rundt 15 vaksne vart turen frå Hjortland og opp til Vikinghytten likevel ei svært minneverdig oppleving.

Me vil takke alle som var med! Me har lagt ut nokre bilete (satser på å få fleire bilete på plass i løpet av nokre få dagar), samt ein video (sjå under).

Håper me blir enno fleire på neste aktivitet!

Påmelding til Tertnes Idrettsskole

Me er svært glade over å sjå at Tertnes Idrettsskole fortset å vere veldig populært på Tertnes – i år har me så langt motteke over 175 påmeldingar, noko som er ny rekord!

Vi vil nå gå i gang med å fordele medlemmer på grupper og sende ut epost til alle med informasjon om eventuell tildeling av plass.

Om det er nokon som har vore litt for seint i avtrekkaren og likevel ynskjer å sjå om det er ledig plass på aktuell gruppe på Tertnes Idrettsskole må snarast råd sende ein epost til [email protected], så skal me sjå kva me kan få til.