Fisketur på kvalskuta Rover

Juniorgruppa tok turen med kvalskuta Rover frå Salhus 12. april. 

Flott vêr gjorde det til ein fantastisk tur, og kapteinen på skuta tok seg god tid til å fortelje om livet ombord, både no og i trangare kår.

Tradisjonen tru vart det ikkje dratt opp mange tonn med fisk på stong, men denne gongen hadde me også sikra oss fangst med å vere med på å dra opp ti botn-teiner. Ungane fekk også vere med på å sløye desse fiskane, til skrekkslagen fryd for mange.

Lyst til å sjå bilete frå turen? Dei er tilgjengelege i biletegalleriet vårt!

Det blei også filma litt frå fisketuren – sjå filmane nedanfor!