Junior: Luftgevær hos Åsane Sportskytterlag

Juniorgruppen hadde gleda av å få lære å skyte med luftgevær hos Åsane Sportskytterlag i Åstveithallen onsdag 10. november.

Dei over 40 påmelde barna skaut til saman over 1200 skot, og alle såg ut til å storkose seg. Konsentrasjonen er i alle fall stor, som ein kan sjå i biletegalleriet :-).

Har du lyst til å ta turen og prøve å skyte med luftgevær? Det er ikkje vanskeleg! Åsane Sportskytterlag har ope kvar tysdag frå kl. 18-20, i kjellaren på Åstveithallen (fylg skilting). Det er 10-års aldersgrense, og barn under 12 år må ha med føresette. Til å byrje med koster det kr. 10,- for å stille, men på tredje besøk på ein kjøpe medlemskort på 50,-.

Gå direkte til biletegalleriet og sjå korleis barna hadde det! 🙂