G-Sport medlemsoppfølging

G-Sport logoG-Sport ynskjer å vidareutvikle samarbeidet med dei ulike gruppene i Tertnes Idrettslag, og lanserer no eit kundesystem for å utbetre kommunikasjonen med medlemmene.

I den samanheng har G-Sport difor utvikla eit system der ein kan registrere seg med epostadresse og/eller mobiltelefon for betre dialog med kvar enkelt. Via desse kanalane vil ein kunne få «spesialtilbod, informasjon om handlekveldar, produktnyhende med meire».

Dei som registrerer seg vil også ta imot deira månadlege skriv «G-Sport Nytt», som blant anna vil innehalde ymse tilbod og konkurransar.

Gå til http://go.tertnesidrettsskole.no/gsport for å registrere deg!