Biletegalleri frå tidlegare aktivitetar

Me er no i ferd med å bygge opp eit biletegalleri med fotodokumentasjon frå turane me har hatt, slik at foreldre og annan familie også kan sjå kva me faktisk driv med på idrettsskulen.

Biletegalleri

I biletegalleriet vil det jamnleg verte lagt ut nye bilete frå nye turar (til dømes er me i ferd med å få på plass bilete frå sykkelturen på Rallarvegen frå Finse til Flåm denne helga).

Om dykk har tatt bilete som dykk meiner vi kunne lagt ut på sidene, send oss ei melding på [email protected], så skal vi hjelpe til med å få dei på plass! 🙂

Ta turen innom galleriet vårt allereie i dag! Linken til biletegalleriet vil du alltid finne til høgre på denne sida, under «Favoritter».

Påmelding Tertnes Idrettsskole, 2010-2011

Artikkel oppdatert 02. september: Påmeldinga er no avslutta. For spørsmål om påmelding no i etterkant, ta kontakt med oss på [email protected].

Vi har no opna for innmelding/registrering (samt vidareføring) av medlemsskap i Tertnes Idrettsskole for perioden 2010-2011.

Sjå også informasjonsskrivet som vi har delt ut i anledning fyrste gongs påmelding.

Fyll ut påmeldingsskjemaet så snart som råd – endeleg påmeldingsfrist er 30. august.

Me gleder oss til nok eit spanande år!

Med venleg helsing styret i Tertnes Idrettsskole.